Nyhende — 27 april 2018

Sikring mot bergnabbane – ikkje sikring ut mot grøntarealet/friområdet.

I kommunestyret torsdag etterlyste Linda Grundtvig (Frp) trafikksikring  med autovern langs  friområdet ved Storavatnet på Litlabø. Dette var andre gong i vår ho tok opp saka. – Eg ser at  det til  utbetring av fortau langs Hystadvegen (Fv 61) blir brukt av trafikksikringsmidlar, så spørsmålet mitt blir: Vil kommunen saman med Statens vegvesen bruka trafikksikringspenger også  for å sikra  dette (fri-)området med autovern ?

Ordførar Gaute Epland svara:

-Eg viser til spørsmål frå Grundtvig til kommunestyret 15.02.2018 om saka. Eg svara her mellom anna:

Når det gjeld rekkverk langs friluftsområdet, meiner vegvesenet at det ikkje er naudsynt med ekstra sikring. Vegvesenet har difor ingen planar om dette, men har lova å ta ein ekstra runde også på denne saka.

Dersom kommunen skal setje opp sikringsgjerde mellom friluftsområdet og vegen, må det løyvast midlar over budsjettet.

Statens vegvesen har dei siste åra prioritert Litlabøvegen med mellom fem og seks mill. kroner, av ein årleg øyremerkt pott til punkttiltak trafikksikring i Hordaland utanom Bergen på 20 mill. kroner.

Sidan svaret mitt i februar har Statens vegvesen skilta nedsett fartsgrense i området til 50 km/t og 40 km/t ved Litlabø skule.

Statens vegvesen meiner framleis at det ikkje er naudsynt å setje opp sikringsgjerde, og at det i så fall er grunneigar, kommunen, som må koste dette. Eg er samd med representanten Grundtvig om at det er trist om det fint opparbeidde området langs Storavatnet blir øydelagt av bilspor.

Utbetringa av fortau langs fylkesveg 61 Hystadvegen er finansiert med gang- og sykkelvegmidlar i samband med ein sykkelveginspeksjon gjort av partane i Sykkelbyen Stord, og kjem difor ikkje frå same post i budsjettet som trafikksikringstiltaka på Litlabøvegen.

Når det gjeld trafikksikring blir konklusjonen tilsvarande som i februarmøtet: 2

Eg er likevel samd i at vegen har trong for omfattande trafikksikringstiltak, samt tiltak for betre trafikkflyt. Eg ser ikkje at vi får løyst dette tilfredsstillande utan ved utbygging av gjennomgåande tofeltsveg og gang/sykkelveg på heile strekninga frå Snikkersvingen til Litlabøkrysset. Med dei knappe samferdselsmidlane som er til rådvelde på fylkeskommunalt nivå, ser eg ikkje at ei slik utbygging på kort sikt vil kunna la seg realisera utan bompengefinansiering.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.