Nyhende — 16 april 2018

På denne grunnmuren bak langelandsbanen stod ein gong Hatland skule. Verd å taka vare på meiner både Fylkesmann og sogelag.

10.000 kubikk steinmasse er lagt i deponi  i området  mellom Langelandsbanen og E39, det meste av steinen kjem frå det nyetablerte  byggjefeltet Langelandsstølen.  På litt sikt  er planen å bruka massen til ¨fylla i den djupe myra mellom banen og Langeland skule.  Arealet vart nyleg innkjøp av kommunen, mynta på tilleggsareal til  skulen til  leiking og kanskje meir skulebygg.  Djupna  i dalsøkket der  myra ligg er målt til 8,5 meter, så det vil unekteleg gå med ein del masse til planeringa.

Klarsignalet for det nye deponiet fekk kommunen hjå fylkesmannen, under føresetnad av  å ta vare  på ein eldre grunnmur og ein stadvis framleis vakker og mosegrodd steingard i området.  Dette er kulturminne.

Grunnmuren viser kvar gamleskule på Hatland stod før han vart flytta.  Stord sogelag ivrar  for at  den  særmerke skulestova skal flyttast attende til sin opprinnelege grunnmur og takast vare på for komande generasjon.  Det er bede om møte mellom sogelag og kommunen for å drøfta kva som kan gjerast.

I deponiet er det plass til 10 000 kubikk steinmasse.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.