Nyhende — 28 april 2018

FOTO: Peter Eliasson

Laurdag 16. juni  arrangerer Stord lufthamn Stord Airshow på Sørstokken.Dette blir eit arrangement for heile familien, der publikum kan få sjå fly og helikopter av ulike slag, både på bakken og i lufta.g. Det vert og høve til  rundflyging i Dakota Norway sitt veteranfly av typen DC-3.

 

Sjølve flyoppvisninga startar med eit kappløp på rullebanen mellom Håvard Dale sitt YAK-50 akrofly, og Ronny Teigen sin Chevrolet Camaro Z28R, med 1003 hestekrefter.
Deretter blir det flyoppvisning med ulike fly og helikopter.

Bekrefta deltakarar til flyoppvisninga så langt:
– Bergen Aero Klubb, American Champion Super Decathlon. (Aerobatic treningsfly)

– YAK 50. (Aerobatic fly, Noregs einaste av sitt slag)

– Dakota Norway DC-3. (Veteranfly som deltok på D-dagen i Normandie under andre verdskrig.)

– Bell UH-1. (Helikopter som tenestegjorde i US Marines under Vietnamkrigen, operert av Stig Bakke.)

– Russian Warbirds of Norway, Aero L-29. (Jet treningsfly frå den kalde krigen.)

– Swedish Air Force Historic Flight, SAAB J37 Viggen. (Jagarfly som har tenestegjort i det Svenske

flyvåpen.)

 

FOTO: Jörgen Nilsson

Hovudattraksjonen blir utan tvil det svenske SAAB Viggen jagarflyet, som er eit særs ettertrakta fly på flystemner i heile Europa. Flyet har ein imponerande kort start/stopp distanse, og er difor kapabel til å lande på Stord. Dermed kjem det til å stå utstilt på lufthamna i forkant av flyoppvisninga.
Ettersom flyet nyttar etterbrennar (afterburner) på lik linje med fly som Noregs F-16, blir dette truleg det råaste og mest bråkete innslaget som nokon gong har blitt vist fram på Stord lufthamn.
Den statiske utstillinga vil mellom anna bestå av Stordflyet, klubbfly frå Stord, Bergen og Haugesund, helikopter og business jet.

 

Det vil bli servert is, pølser og brus m.m.

 

Oppdatert informasjon ligg på arrangementets eiga heimeside www.stordairshow.no, og på Stord lufthamn si «Stord Airshow 2018» side på facebook, tipsar lufthamnsjef Jan Morten Myklebust..

 

 

 

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.