
Stord kristne skule har søkt om ny om godkjenning for oppstart av privatskule – i lokale på Heiane. (Arkivfoto)
Stord kommune har fått brev frå Utdanningsdirektoratet sentrale styresmakter ber om uttale i til søknad frå Stord Kristne Skule AS om godkjenning etter friskulelova. Saka skal drøftast på møtet i komite for oppvekst og utdanning komande måndag. Frå rådmannen ligg det føre slik forslag til uttale frå kommunen:
«Dersom ein ny privatskule rekrutterer elevar frå størstedelen av klassane i kommunen, kan det i praksis føra til at skulane må driftast som no med same klassetal. Samstundes vil kommunen få reduksjon i rammetilskottet. Om privatskulen rekrutterer frå eit mindre tal skular eller klassar, kan det gi ein reduksjon i klassetalet og såleis reduksjon i driftsutgiftene for skuleområdet.
Skyssutgiftene kan bli i same storleik som no, eller kan bli auka eller redusert alt etter kor skulen blir lokalisert og kva område elevane kjem frå. Korleis elevane i ein eventuell privatskule vil vera tilhøyrande i dei ulike skulekrinsane og vil fordela seg på årstrinn, kan koma til å variera frå år til år. Såleis kan Stord kommune få ein krevjande og mindre føreseieleg økonomisk situasjon og utfordringar i forhold til planlegging av drifta.
– Grunnskulane i Stord har i dag samla sett kapasitet til å ta i mot elevtalet som kjem fram i prognosar frå folkeregisteret. Etablering av Stord Kristne Skule AS vil kunna få konsekvensar for skulestrukturen på sikt dersom elevtalet vert så høgt at det vil føra til at Stord kommune må redusera og omstrukturera drifta.»
Andre nyhende

Stordnytt flyttar inn på Sunnhordland.no
mai 02, 2018
Ikkje snakk om gilde med skåling på Gildeskålsbakken
mai 02, 2018
Stor oppslutnad om 1. mai-markeringa
mai 01, 2018
Etter 96 år – siste basaren for «Vårbud»
april 30, 2018
Kartlukke i Fitjar
april 29, 2018
Husa ristar når bilar passerar Hagamyro
april 29, 2018
Mykje å sjå fram til på årets STORD AIRSHOW
april 28, 2018
Stadig nedgang i arbeidsløysa
april 27, 2018
Rekkverk frå Heiane til New Zealand
april 27, 2018
Lite håp om autovern langs friområdet på Litlabø
april 27, 2018
«Folgefonn» verdas første med autodocking-installasjon
april 26, 2018
-Korleis ønskjer du Leirvik i framtida?
april 26, 2018
Fellesoperasjon løyser Rommetveit-flokar
april 25, 2018