Nyhende — 27 april 2018

Eivind Grøsvik Løkhammer og Svein Ove Vatna med dei 224 rekkverka som var sender frå Opero torsdag.

Då  siste 224  rekkverk vart lasta på trailer  torsdag ettermiddag, kunne  tilsette på arbeids- og innkluderingsverksemda Opero på Heiane sjå ein spesiell ordre  vel av garde til avtalt tid.

– Mindre stålkonstruksjonar er mellom spesialitetane våre og  når  ein god samarbeidspartner, Marine Construction på Os, fekk spørsmål frå eit fiskeoppdrettanlegg i New Zealand om å levera 336 rekkverk, gav dei  oppdraget til Opero. 112  rekkverk er alt sende,  no følgjer resten og første stopp blir ein  galvaniseringsverkstad på Jæren, før  dei vert skipa til mottakaren i andre enden av kloden.  Ekstra spesielt blir denne leveransen  i og med  me måtte til Italia for å få tak i nok stålrøyr,  seier Svein Ove Vatna til stordnytt.no. Han er  leiar på mekanisk avdeling på Opero.

I avdelinga er det rundt 20 medarbeidarar, som framover har godt med ordrar.  Vatna  tykkjer det er flott at også lokale verksemder  som Fronta, SIM  og Kværner gjer seg nytte av tenestene deira.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.