Nyhende — 09 april 2018

Også i år er det venta storinnrykk og yrande liv i Hustrudalen når Solid fotball inviterer til den årvisse EatMoveSleep-Cup. (Arkivfoto)

Det er no snaue 2 veker att til avspark på årets utgåve av Solid Eat Move Sleep cup, melder Grehte Fadnes frå arrangørklubben. – Og det er like før påmeldingslinken stenger.

Fadnes kan melda om at det også i år har det vore gledeleg mange påmeldingar til den tradisjonsrike turneringa. – Me har heile 185 lag til no. Laga er i alderen 6–12 år og dei kjem frå 23 ulike klubbar i Hordaland og Rogaland. Særs gledeleg er det at av dei påmeldte laga er 40% jentelag og alle klassane har god påmelding.

Fadnes fortel vidare at Solid fotball nett har starta Stjernelag og at desse Solidstjernene skal spela sine første kampar på Eat Move Sleep cup. – Me gledar oss stort til å sjå dei i aksjon, seier Fadnes.

Ho fortel at Solid fotball er veldig klar for cup og ser fram til å ta i mot ca 5 000 spelarar, leiarar, føresatte, besteforeldre og andre supportarar i Hustrudalen laurdag 21. og søndag 22. april. Som vanleg vert det flotte premiar frå Bama til alle spelarane. – Nytt av året er flotte cup-medaljar som garantert kjemt til å pynta opp på jente- og guteromma, fortel Fadnes.

Solid fotball Eat Move Sleep cup er eit gigantisk dugnadsløft for Solid fotball og bydelen Sagvåg / Litlabø. Fleire hundre engasjerte, positive frivillige stiller opp for å lage «Vårens vakraste eventyr» – årets fotballfest på Stord.

– Det er framleis plass til fleire lag – men då må ein vera snar – påmeldinga stenger snart, lyd oppmodinga frå Fadnes.

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.