Pressemelding frå Nav:
Tala for Sunnhordland i april månad visar at arbeidsløysa er 2,4 prosent av arbeidsstyrken. Det er 722 heilt arbeidsledige (156 personar i arbeidsretta tiltak). Det er 293 færre enn i fjor på same tid, noko som utgjer ein nedgang på 29 prosent. Det er ein nedgang i arbeidsløysa frå førre månad for alle kommunane i Sunnhordland med unntak av Sveio og Fitjar. Det er ingen endring frå førre månad på Stord, melder NAV.
Det er framleis ein nedgang i arbeidsløysa for alle kommunane i Sunnhordland i forhold til april 2017 med unntak av Sveio som har same ledighet. Dette skuldast permitteringar i bygg og anleggsbransjen. Bømlo har størst nedgang med 38% færre arbeidsledige (- 77 personar) frå førre år. Sunnhordland har framleis ei arbeidsløyse som er under gjennomsnittet for både Hordaland og landet.
Norsk leverandørindustri har slått tilbake med full kraft etter at fleire viktige kontraktar på norsk sokkel vart tildelt konkurrentar frå Asia. For NAV er det svært gledeleg å sjå at Kværner vant nok ein stor kontrakt, denne gang til fase to av Johan Sverdrup-feltet. Dette saman med løpande og framtidige prosjekt vil truleg bety at tilsette ved Kværner er sikra sysselsetting til omtrent 2022. Ei gruppe NAV håpar kan nyta godt av dette, og elles høgare aktivitet innan leverandørindustrien og olje- og gassnæringa, er ingeniørar og industriarbeidar som står utan arbeid. Dette er yrkesgrupper som vart hardt råka av nedbemanningar under nedgangstidene me opplevde for to år sidan. Me ser at særleg ingeniørar og industriarbeidarar over 50 år har utfordringar med å komma tilbake i arbeid.
Heilt arbeidsledige i Sunnhordland april 2018:
- 70 stk. ingeniør- og IKT-fag (41 færre enn mars 2017)
- 153 stk. industriarbeidarar (85 færre enn mars 2017)
Heilt arbeidsledige 50 – 66 år i Sunnhordland april 2018:
- Totalt 169 personar
Dette er ei alders- og yrkesgruppe som har lang arbeidserfaring og mykje kompetanse som i mange tilfeller er spissa innan sitt fagfelt. Mange har hovudkompetansen sin innan petroleum, elektronikk, maskinar og plate- og sveisearbeid. Denne gruppa utgjer ein betydeleg andel av alle personar som er heilt arbeidsledige over 50 år. Dei kan ofte oppleva at yngre krefter vert prioritert føre i konkurransen om dei ledige stillingane. Det er med bekymring me ser at fleire av desse er langtidsledig (over 26 veker). Nærmare halvparten har vore arbeidsledig i over eitt år. NAV kan tilby blant anna lønstilskotsordningar og kortare kompetansehevande kurs for å hjelpa dei med å sterkare på arbeidsmarknaden. Samtundes som me oppmodar arbeidssøkjarar om å vera fleksibel og mobil i jobbsøkinga, vonar me lokale bedrifter også er merksam på kompetansen som ledige ingeniørar og industriarbeidarar kan tilføra.
Andre nyhende

Stordnytt flyttar inn på Sunnhordland.no
mai 02, 2018
Ikkje snakk om gilde med skåling på Gildeskålsbakken
mai 02, 2018
Stor oppslutnad om 1. mai-markeringa
mai 01, 2018
Etter 96 år – siste basaren for «Vårbud»
april 30, 2018
Kartlukke i Fitjar
april 29, 2018
Husa ristar når bilar passerar Hagamyro
april 29, 2018
Mykje å sjå fram til på årets STORD AIRSHOW
april 28, 2018
Rekkverk frå Heiane til New Zealand
april 27, 2018
Lite håp om autovern langs friområdet på Litlabø
april 27, 2018
«Folgefonn» verdas første med autodocking-installasjon
april 26, 2018
-Korleis ønskjer du Leirvik i framtida?
april 26, 2018
– Privatskule kan få konsekvensar for skulestrukturen
april 26, 2018
Fellesoperasjon løyser Rommetveit-flokar
april 25, 2018