Kort sagt — 25 april 2018

Førstkomande helg, laurdag 28. april og søndag 29. april, blir ei innhaldsrik helg for alle på Haugalandet og i Sunnhordland som vil prøva seg i orienteringsløypa. Sveio O-lag innbyr til mellomdistanseorientering frå Auklandshamn skule laurdag ettermiddag. Arrangøren kan lova åtte ulike løyper i eit variert og lett framkommeleg terreng med mange stiar. Her blir det enkle og korte nybegynnarløyper og andre løyper med litt meir utfordringar for dei som har vore med i o-sporten ei stund. For dei som vil prøva seg i nybegynnarløypa er det høve til å melda seg på ved start.Sveio O-lag kan vidare tilby kiosksal, flott arena, god parkeringsplass, fin stemning og deltakarar frå store delar av Vestlandet. Søndag flyttar o-løparane seg til Vikebygd der Vikebygd IL innbyr til den tradisjonsrike Vikesprinten, som er lagt opp ein jaktstart der løpararar i alle aldrar og nivå i utgangspunktet har høve til å vinna.

T. Førde

Andre nyhende

Promillemistanke

mai 01, 2018

Fyll og krangel

mai 01, 2018

Byggenytt

april 30, 2018

Snittalderen opp

april 30, 2018

Grasbrann

april 29, 2018

Hjartepotet

april 29, 2018

Den store ryddedagen

april 29, 2018

Share

About Author

Desken

(0) Readers Comments

Comments are closed.