Nyhende — 10 april 2018

Bandet Himmelhamn, med stordabu Kjell Magne Fauskanger (til venstre) gir ut plate kommande fredag. Foto: Håkon Nordvik

Himmelhamn måtte søkja bakover for å finna fram – og gamle salmebøker inspirerte Vigleik Winje, som knapt kan ein einaste salme, til å skriva ny musikk til gamle tekster. Bak støv og utilgjengeleg skrifttypar fann han radikale tekstar om mennesket og Gud, skriv gruppa Himmelhamn i ei pressemelding.

Ideen om å setja ny musikk til gamle tekstar kom etter å ha blitt kjent med ei retning som i USA ofte vert omtala som  Re-tuned. «Enkelt sagt representerer ho ein tredje veg mellom dei tradisjonelle salmane og den glatte kristen-poppen; der det i staden vert sett ny, og ofte organisk, musikk til gamle tekstar», skriv bandet.

Heile albumet blei spelt inn live i ABC-studio i Etne.

På førstkomande fredag 13. april slepp bandet debutalbumet sitt på Kirkelig Kulturverksted. Bandet har base i Haugesund, men bassisten Kjell Magne Fauskanger kjem frå Ådland på Stord. I tillegg arbeidar cellisten Jarle Kristoffersen i Stord kulturskule.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.