Nyhende — 19 april 2018

«Hardangerfjord» ligg for tida i Sagvåg

Ved Kiskaien i innløpet til Podlen og litt ved  gamle ferjekaien i Sagvåg, har  ferja  «Hardangerfjord» lege i ro siste tida.   Kanskje litt  rufsen av utsjånad,  men  stålet i fartyet er i betre stand enn det kan sjå slik ved eit lett augekast, seier veteranbåtentusiast  Øyvind Særsten til stordnytt.  

Han har gått i bresjen for skipa eit eige venelega for den tidlegare HSD-ferja.  Målet er å gjera naudsynt vedlikehald fram til den vidare skjebne er fastlagt  for det 65 år gamle  fartyet.  Levert frå verft i Bergen i 1953, med dekksplass til heile 30  personbilar.  I 1959  vart ho omdøypt  til  «Vøringen» , og  segla  i diverse rutesamband  for HSD til 1983.  Fram til ho vart kjøpt heim til Noreg i 2011 hadde ferja fleire namn og endå fleire eigarar – mellom anna eit lengre opphald  i København.  Ved heimkosten fekk ho namnet «Gamle Hardangerfjord».  Får motoren litt starthjelp – sviv han som i  sine beste år, så når  ferja blir flytta mellom kaiar i Sagvåg er det for eigen maskin.

– Er det nokon som er interesserte i å ta eit tak for «Hardangerfjord», er det berre å ta kontak med meg, seier  Øvind Særsten.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.