Nyhende — 02 mai 2018

Slik tenkjer ein seg det såg ut på Gildeskålsbakken i mellomalderen. (foto av illustrasjon på den nye infortavla)

Når ein ikkje kjenner soga godt nok, kan ein lett leva i den villfaring at Gildeskålsbakken  ved Frugardselva, ein gong var arena  for gilde samlingar med skåling og den slags.  Det var  på denne bakken Ådlandstovo stod – i dag eldste bygget i Sunnhordland museum si samling i Parken på toppen av Leirvik.

Takk i så måte,  for at det er kome på plass  godt illustrert oppslagstavle  ved  turvegen framom  Gildeskålsbakken.  Der får  veggåande  sjå korleis det kan har sett ut  på staden i mellomalderen  (1400-1500-talet) og  få stadfest at det som gjekk føre seg i røykstova  var høgst samfunnsnyttige samlingar.  Eit Gilde  var i denne tidbolken ein foreining der folk slutta seg saman for å fremja felles interesser og for å finne fram til måtar å hjelpa kvarande på i fall krisar skulle oppstå.  Samlingsstader av dette slaget var gjerne lagt til stader med kyrkje i nærleiken,  det er ikkje langt å gå til Stord kyrkje.    

Før  turvegen vart bygt langs Ådlandsvassdraget, vart det gjort   arkeologiske undersøkingar  på Gildeskålsbakken. Det vart grove og leita, men ikkje gjort særlege funn.  Ved ei undersøking av tuftene i  1959  vart det funne  golv av småheller og ein del rustbitar.  Ein liten haug på tomta  skjule restar av grunnmur.

Når  ordet skål er  blitt ein del av stadnamnet, har det samanheng med  at  Skål  frå gamalt tyder  sal/stort hus.   Altså: – god lokalsoge å henta om du legg inn 5 minuttar ekstra på neste tur langs  Frugardselva.

Ein liten haug på Gildeskålsbakken viser grunnmuren der Ådlandstovo stod.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.