Nyhende — 01 mai 2018

Regnet heldt seg unna, og fleire hundre stilte opp i årets første mai-tog.

1.mai er prega av tradisjonar, og som vanleg starta dagen på Litlabø, med blomenedlegging ved gruvearbeidarmonumentet.  Frode Rekve heldt appell om fagrørslemannen og politikaren Andreas Rekve, som var ein av pionerane i gruvo.

Så gjekk turen til Leirvik, og den tradisjonelle frukosten på Stord Hotel. Her var det appellar ved Ulvar Akselsen, Gaute Epland, Einar Steinkopf of Norsk Folkehjelp.

Toget ned til Leirvik gjekk klokka 12.15, og enda opp i Borggarden, der det var tale ved Sara Bell og musikk ved Breibandet Big Band.

Nytt av året er Ship to Gaza Norway (STGN), som er ein politisk og religiøst uavhengig organisasjon for enkeltpersonar og organisasjonar som vil arbeide for at folkeretten skal gjelde også for Gaza. Organisasjonen har pussa opp ein gammal fiskebåt, som i dag ligg til kai på Leirvik. Skipet er på veg til Gaza, i lag med andre fartøy, for å markera 70-årsdagen for «Nakba», då mange palestinarar måtte forlata sine heimar i 1948 grunna den israelske okkupasjonen.

Norsk Folkehjelp Sunnhordland ønskjer å ta imot båten og inviterer folk til å bli med utover dagen. Det blir appellar, musikk, barneaktiviteter og god mat.

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.