Nyhende — 02 mai 2018

Steinar Hystad i Stordnytt. (Foto: Henrik Mundal Andreassen)

Frå i dag blir Stordnytt sitt karakteristiske innhald publisert i Sunnhordland sine flater.

Av Vidar Hope

I fjor kunne den superlokale nettstaden Stordnytt feira femårsjubileum. Tidlegare på året tok Mediehuset Sunnhordland over nettstaden, som då var trua med å bli lagt ned, då primus motor Steinar Hystad nærma seg pensjonsalder og ønskte å trappa ned. No blir Stordnytt vidareført som ein del av Sunnhordland sine flater på nett og papir.

Det er særleg dei små, nære sakene som har blitt Stordnytt sitt varemerke. Ansvarleg redaktør Magne Kydland i Sunnhordland meiner at slikt stoff er viktig i lokalsamfunnet.

– Me har fleire undersøkingar som viser at ultralokalt innhald er noko lesarane våre ønskjer, sjølvsagt i kombinasjon med andre stoffområde. Det er også grunnen til at me no satsar meir på det superlokale og legg til rette for dette innhaldet på Sunnhordland på nett og mobil og i papiravisa vår, seier han.

Les meir: Stordnytt feira fem år som nettstad

Stordnytt, som blei etablert av Steinar Hystad og kompanjong John Eirik Jørgensen i juni 2012, blir altså ikkje lagt ned, men vidareført på ny plattform. Det rikhaldige arkivet til Stordnytt vil framleis vera søkbart.

Det er webutviklar Gaute Hvoslef Kvalnes i Sunnhordland som har laga den digitale feeden som skal fôrast med superlokale nettsaker. Alt frå sofa i vegkanten til loppemarknad i vellaget får plass her. Pluss mykje anna.

– Gleda over å formidla er framleis like stor. Og småforvitenskapen er vanskeleg å leggja frå seg. Når eg no får sjansen til å vera med vidare, er det berre kjekt, og noko eg vil, seier Steinar Hystad.

Her kan du lesa superlokale saker frå Stordnytt og Sunnhordland

Share

About Author

(0) Readers Comments

Comments are closed.